Staden for gode møte

Inst i Nordfjorden, mellom høge fjell ligg Loen. Med eit førsteklasses hotell, ein heis som løftar deg 1011 meter til fjells og eit vell av aktivitetar er Loen blitt ein komplett stad for å nyte, lære og oppleve - heile året.

Spektakulær ramme

Under majestetiske fjell og isbrear, ved ein grøn fjord ligg bygda Loen. Kjend for store naturopplevingar, utandørsaktivitetar, eit flott hotell og Loen Skylift. I desse rammene ligg alt til rette for innhaldsrike dagar.

Moderne fasilitetar

Rett ved Loen Skylift ligg tradisjonsrike Hotel Alexandra som er kjend for si særeigne og personlege atmosfære. Her finn du to moderne konferanse-avdelingar, bad- og spa anlegg, restaurantar og komfortable rom.

Aktive opplevingar

Legg inn aktivitetar og luft hovudet mellom møta. Loen Skylift og Loen Active tilbyr opplegg med lunsj og aktivitetar for alle nivå. Aking, trugetur, gåtur i oppkøyrde løyper, øksekast, tautrekking og diverse uhøgtidelege konkurransar.

Lunsj eller festmiddag på kanten

Ta med teamet til fjells for ein luftig lunsj eller kanskje ein festmiddag. Grupper på minimum 15 personar kan også bestille lunsj utanom våre ordinære opningstider. Kombiner gjerne lunsj eller middag med spanande aktivitetar saman med Loen Active og komfortabel overnatting på Hotel Alexandra. Ta gjerne kontakt med oss for eit godt tilbod på 57 87 59 00 eller post@loenskylift.no

HistoriskE og moderne Hotel Alexandra

_BD_8043-HDR.jpg

Lær og bli inspirert

På Hotel Alexandra finn du to moderne konferanseavdelingar med kapasitet på opptil 600 personar i plenum, samt møterom, grupperom og romslege salongområde som inviterer til sosiale pausar. Erfarne medarbeidarar strekkjer seg langt for at din konferanse skal bli ein suksess.

 
Alexandra_OE8A7380_fotoKristinStoylen_1500.jpg

Mat og drikke

Mange tek turen for å nyte Alexandra sin velfylte buffet i Restaurant Charlotte. Andre vel den elegante a la carte restauranten Andrine, eller arrangerer festmiddag i vinkjellaren eller i ein stor bankettsal.

 
_BD_9103.jpg

Sov godt

Hotel Alexandra har åtte ulike romkategoriar, fordelt på åtte etasjar, og legg vekt på gjennomgåande god kvalitet uansett romkategori

 
_BD_2469.jpg

Nyt og ta vare på deg sjølv

I hotellet si store bade- og spa avdeling kan du nyte den gode kjensla av velvære. I Alexandra Spa tar høgt kvalifiserte terapeutar hand om deg med eit breitt spekter av spa behandlingar som passar for både kvinner og menn.

Opp og ut

 Legg inn aktivitetar og luft hovudet mellom møta. Loen Skylift og Loen Active tilbyr opplegg med lunsj og aktivitetar for alle nivå. Aking, trugetur, gåtur i oppkøyrde løyper, øksekast, tautrekking og diverse uhøgtidelege konkurransar.

Ta kontakt

Ta kontakt, så gjev vi deg eit tilbod på opplegget du ser føre deg. Send ein mail, ring eller fyll ut skjemaet under.

HOTEL ALEXANDRA | LOEN SKYLIFT | LOEN ACTIVE
NO-6789 Loen 
Tel. 57 87 59 00 - post@loenskylift.no

KORLEIS KOME HIT

Widerøe flyr til Sandane og Ørsta/Volda som ligg 1 time frå Loen. Fly med SAS, Norwegian eller KLM til Ålesund Lufthavn Vigra, 2,5 timar frå Loen. Transfer vidare til Loen med minibuss, båt via Øye eller Geiranger. Bergen og Oslo er også alternativ, men krev lenger transfer. Vi set gjerne opp forslag til transport som passar ditt arrangement.