Ledige stillingar

Loen Skylift er ei av dei brattaste pendelbanene i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar, barnefamiliar og for dei som berre vil nyte utsikta. Loen Skylift og Hoven Restaurant vart opna 20. mai 2017. Loen Active driv med aktivitetar som Via Ferrata Loen, zipline, kajakk, SUP brett, aking etc. Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active inngår i Hotel Alexandra konsernet.

BUTIKKMEDARBEIDAR, SKYSHOP & KAFE

Vi har ledig ei stilling som butikkmedarbeidar i Skyshop & Café på takterrassen til Hoven Restaurant. Relevant kompetanse og erfaring med butikk/ kafearbeid er ynskjeleg, men er ikkje eit krav.

Vi leitar etter deg som:

• har godt humør og ei positiv serviceinnstilling

• er punktleg og ryddig

• har stor arbeidskapasitet og trivast i ein hektisk kvardag

• er ansvarsbevisst og til å stole på

• beherskar norsk og engelsk

Arbeidstid for denne stillinga er i hovudsak dagtid frå måndag til fredag i butikken sine opningstider. Vi ser føre oss at medarbeidaren kan ta til snart med opplæring og enkelte vakter. Frå medio februar vert det meir eller mindre 100%. Vi tilbyr ein innhaldsrik og spanande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø. Tilsetjingstidspunkt kan avtalast.

Søknad med CV sendast snarast til jarle@alexandra.no. For meir informasjon kontakt dagleg leiar i Hoven Restaurant Jarle Grov, tlf. 906 39 001.

Sist oppdatert 26. august 2024