BUSINESS OR PLEASURE?
TEAMBUILDING, KONFERANSAR OG PRIVATE ARRANGEMENT
Gjer ein spektakulær vri på arrangementet ditt, og ta med vennegjengen, storfamilien, kollegaer eller kundar på Hoven, 1011 meter over fjorden. Kombiner Loen Skylift, aktivitetar og eit godt måltid i Hoven Restaurant. Loen Skylift og Hoven Restaurant er ope for grupper på miniumum 20 utanom ordinære opningstider.
Fjols til fjells
ELLER EKTE RÅTASSAR?
TEAMBUILDING OG GRUPPEAKTIVITETAR
Fjelluft gjer noko med deg. Perspektivet blir større, i dobbel forstand, med utsikt over mektige fjell og fjorden som buktar seg langt der nede. Ein perfekt arena for å bli betre kjent, både med kollegaer men også seg sjølv. Loen Active kjenner fjella her, og har mange års erfaring med å rettleie under aktivitetar, og sørge for ei god oppleving for samtlege deltakarar, uansett form og interesse. Etter uteaktivitetane samlast vi rundt eit måltid mat - høgt og fritt, godt og varmt.
Vi deler dykk inn i lag, og gjennomfører aktivitetane som ein uhøgtideleg konkurranse eller leik. Instruktørar frå Loen Active er tilstades under heile gjennomføringa. Vi kan gjennomføre dette på eit par tre timar, eller som halvdagsopplegg. Opplegget kan kombinerast med lunsj på Hoven Restaurant. Velg aktivitetar som passar di gruppe frå menyen vår. Andre aktivitetar på førespurnad.
VINTERHALVÅRET
Velg mellom følgjande aktivitetar :
Akekonkurranse
Trugetur
Øksekast
Ringspel
Hoven memo
Sagekonkurranse
Spikerslag
Snøsafari og vardequiz
Tautrekking
Tårnbygging. Kven bygger det høgaste tårnet?
Hestesko
Puslespel med treklossar, med moglegheit for å springe til fasit og sjekke undervegs! Eit lite, eit medium og eit stort puslespel
SOMMARHALVÅRET
Velg mellom følgjande aktivitetar :
Sleipner Challenge: Hesteskokasting
Vardequiz: Vandretur med innlagde postar med spørsmål.
Forsete si øks: Øksekasting
Hoven memo: Hugs bileta og gjenskap på kortast mogleg tid
Tautrekking
Tårnbygging. Kven bygger det høgste tårnet?
Sagekonkurranse
Spikerslag
Ringspel
Puslespel med treklossar, med moglegheit for å springe til fasit og sjekke undervegs! Eit lite, eit medium og eit stort puslespel
Zip line (tillegg i pris)
Aktivitetane kan gjennomførast som ein konkurranse eller som ein uhøgtideleg leik.
Minimum antal deltakarar: 16
Maksimum antal deltakarar: 120
Prisar på førespurnad (frå kr 640,- pr person for fire aktivitetar).
Tur/retur med Loen Skylift og eventuell servering på Hoven Restaurant kjem i tillegg.
Nyheit: Loen Active tilbyr utleige av vinterfora dressar og vintersko. Ta kontakt for totalt pristilbod.
HOVEN RESTAURANT
Hoven Restaurant tilbyr a la carte meny og eigne gruppemenyar. Saman kan vi kome fram til eigne konsept, spesielt utvikla for di bedrift eller gruppe. Kanskje dykk vil ha matserveringa utandørs? PS: Mesteparten av våre råvararer er lokale.
OVERNATTING OG MØTEFASILITETAR
Hotel Alexandra ligg rett ved Loen Skylift, og er har gode og moderne fasilitetar for møter i alle storleikar. I Loen går ingen "på byen", alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt samlinga vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har tre møteavdelingar med til saman 1500 m2 kongress-areal. Dei ulike møteavdelingane er fleksible og kan lett tilpassast ulik bruk og deltakarantal. For mindre grupper fins 17 spesialinnreidde grupperom. Eigen kursvert. Les meir om tilboda for møter og konferansar her.
VIL DU VITE MEIR, OG FÅ EIT TILBOD?
Kontakt Loen Active - tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no.
Feiring og fest
Skal du feire noko og leitar etter ei heilt spesiell ramme rundt markeringa? Spektakulære Hoven Restaurant ligg 1011 meter over fjorden, og har alle fasilitetar. Restauranten har plass til opp til 300 personar. Plukk frå vår gallameny, eller tilpass menyen og arrangementet til dine ynskje. Det er også mogleg å bruke restauranten utanom ordinær opningstid for grupper over 20 personar.
Kontakt oss for, så finn vi saman fram til det rette opplegget for dykk.
Tel. 57 87 59 00 eller post@loenskylift.no
Bryllaup
med gode utsikter
Gratulerer med beslutninga om å gifte seg og feire kjærleiken!
Loen Skylift og Hoven Restaurant er den perfekte staden for å skape ein dag de aldri vil gløyme. Vi har mange moglege alternativ for både seremoni og feiring for både små grupper og grupper opp til 300 personar. Og med gangavstand frå Loen Skylift til Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord ligg alt til rette for eit komfortabelt og hyggeleg opphald i Loen.
Festlokalet
Med ei utsikt som tek pusten frå deg - over fjord, fjell og isbrear - er Hoven Restaurant ein stad få andre kan matche. Heilt på kanten av stupet, med vindauge frå golv til tak skapar naturen ei uforgløymeleg ramme rundt denne lukkelege dagen. Frå medio juni til medio august vil det ikkje vere mogleg å bestille Hoven Restaurant og Hoven Grill for lukka arrangement.
Seremoni
Det er mange nydelege kyrkjer i området, eller du kan gjennomføre seremonien utandørs ved fjorden, eller her oppe på fjellet - midt i alt det storslåtte.
Finne ut meir og starte planlegginga?
Vi hjelper deg gjerne i å realisere din drøymedag. Vi har felles salsavdeling med Hotel Alexandra, og med lang erfaring veit vi kva som krevs ein slik dag - frå mat, blomar, pynt, underhaldning og praktisk gjennomføring. Du kan også nytte ein bryllupsplanlegger dersom du ynskjer det. Om de ynskjer å gifte dykk i kyrkja finn du meir informasjon her, og om de ynskjer borgarleg bryllaup finn du meir informasjon her.
For meir informasjon ta kontakt med vår salsavdeling på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.
Incentive og konferansar
Ta dine konferansar, møter eller incentive-turar til nye høgder i Loen - på det vakre Vestlandet. Teamet som møter deg i Loen har lang erfaring i å arrangere events og konferansar, og tilbyr ei stor breidde i aktivitetar, underhaldning og utflukter – med eit spektakulært bakteppe av fjord, fjell og isbrear. Dei mange moglegheitene gjer at du alltid vil finne noko som passar dine mål for arrangementet.
Loen er ei bygd inst i Nordfjord, under den store Jostedalsbreen. Dette er den perfekte staden for å utforske fjella og den lokale kulturen på dagtid, medan kvelden kan nyttast til velvære og hygge. Vi serverer lokal mat av ypperste klasse - servert i eit flott selskapslokale, til fjells, på vatnet eller kanskje ved eit brevatn? Basen er historiske og velrennomerte Hotel Alexandra. Vi held ope heile året.
AKTIVITETAR OG UTFLUKTER ÅRET RUNDT
Ta med gjestane til hjarte av dei norske fjordane, og gje dei ei oppleving for livet.
Eit utval av aktivitetar og utflukter tilgjengeleg frå Loen:
Loen Skylift med spektakulær utsikt og Hoven Restaurant
Fotturar, kajakkpadling og sykling
Aking, trugeturar og vandring om vinteren
Briksdalsbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark
Geirangerfjorden (UNESCO verdsarvstad)
Ville og vakre Lodalen
Bedriftsbesøk
HOTEL ALEXANDRA
Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell, kjent for si særeigne og personlege atmosfære. Ærverdige tradisjonar har blitt kombinert med moderne hotelldrift oga auge for stil og komfort. Symjebasseng og SPA-avdeling med eit breitt spekter av behandlingar, innandørs og utandørs symjebasseng og vannsklie.
Kongressområde: 1700 kvm
Kongresskapasitet: 700 personar
Moderne tekniske fasilitetar / utstyr
337 tilgjengelege rom inkludert Hotel Loenfjord
Romslege salongar
KORLEIS KOME HIT
Widerøe flyr til Sandane og Ørsta/Volda som ligg 1 time frå Loen. Fly med SAS, Norwegian eller KLM til Ålesund Lufthavn Vigra, 2,5 timar frå Loen. Transfer vidare til Loen med minibuss, båt via Øye eller Geiranger, eller helikopter. Bergen og Oslo er også alternativ, men krev lenger transfer. Vi set gjerne opp forslag til transport som passar ditt arrangement.
BESTILLING OG FØRESPURNADER
For tilbod ta kontakt med vår salsavdeling på post@loenskylift.no eller 57 87 59 00.