Kalender
Kahoot Fredagsquiz
Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Praktisk informasjon
Gratis deltaking
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord
Lagsamansetning kan variere frå gong til gong
Matservering til kl 21:00, bar til 23:00. Siste bane ned 23:30.
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.
Julekonsert med Silisium Vokal
Få den lune og gode julestemninga når Silisium Vokal fyller Hoven Restaurant med juletonar den 30. november. Silisium Vokal er eit vokalensemble frå det musikalske kraftsenteret Bremanger, som no skal trollbinde publikum høgt til fjells.
Ensemblet består av totalt 7 solistar, og på repertoaret står både norske juletonar, amerikanske klassikarar og julepop. Denne ettermiddagen har dei også tatt med band beståande av Erlend Eidsvik, Raimund Hoclas og Tor Olav Heldal.
Konserten er gratis. Om du planlegg å ete i restauranten før konserten anbefaler vi å bestille bord på førehand.
Om Silisium
Vokalgruppa vart stifta i 2017, og har sitt utspring i det aktive musikkmiljøet i Bremanger. Mange av medlemane har lang erfaring som vokalistar på ulike show og i band i kommunen og rundt om i fylket. Koret hadde sin første konsert i 2017, og imponerte publikum stort. Dei har spelt inn låtar i studio fleire gongar, og har gitt ut singel med eigen musikk. I dag består Silisium av Elisabeth Solbakken (musikalsk leiar), Linn Karin Sande Igland, Hilde Gretha Hauge, Linn Therese Belseth Heldal, Silje Pauline Dahle, Evy Merete Myklebust og Kristin Vik Sparvath.
Vil du ete i restauranten før konserten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord på førehand her.
Kahoot Fredagsquiz
Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant denne romjula! Og etter quiz’en blir det feststemning med HIT Station!
Quizen startar kl. 19:15, og alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Praktisk informasjon
Gratis deltaking
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord
Lagsamansetning kan variere frå gong til gong
Matservering til kl 21:00
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord på førehand her.
HIT Station
HIT STATION – Ein kveld full av dei beste hitlåtane!
Med eit namn som kunne vore din favoritt radiokanal, er HIT STATION her for å gje deg akkurat det du vil høyre – dine favorittlåtar og nokre du ikkje visste at du elska.
Fronta av Morten Fredheim (kjent frå blant anna The Voice og samarbeidet med den Grammy-vinnande artisten Paul Nelson), har HIT STATION spelt hundrevis av liveopptredenar rundt om i landet sidan 2012. Deira eksplosive partyshow har fått strålande respons overalt.
Med høg energi, svulstige balladar, og ein utømmelig dose speleglede, lover HIT STATION å få stemninga til å koke. Gjennom kvelden får du høyre dei kulaste hitsa frå 80-talet og fram til dagens toppmusikk!
Bandet består av:
Morten Fredheim (vokal/gitar)
Rune Gandrud (bass/vokal)
Sturla Nøstvik (trommer)
Dette blir ein uforgløymeleg kveld du ikkje vil gå glipp av!
Tidspunkt:
HIT STATION spelar frå kl. 21:30 til 00:30.
Barane er opne til kl 24
Matservering til kl 21 (siste bestilling 20:45)
Siste bane ned frå fjellet går kl. 01:00.
PS!
Start gjerne kvelden med ein morosam Kahoot Fredagsquiz før showet startar!
Vil du ete i restauranten? Hoven Restaurant serverer fram til kl. 21:00. Hugs å bestille bord på førehand - også om du ikkje ynskjer mat. NB! Dei som bestiller bord innan 22. desember er med i trekninga av eit gåvekort!
Ingen inngangsbillett
Velkomen til ein fantastisk kveld full av musikk, moro og god stemning!
Aleks Grey
Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Aleks Grey (Aleksander Raftevold) skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Vi anbefaler at du bestiller bord på førehand.
Om Aleks Grey
Aleksander Raftevold, også kjent som Aleks Grey, frå Nordfjordeid er låtskrivar, produsent og artist. Som soloartist, under navnet Aleks Grey, har han turnert i Noreg, England og Tyskland. Musikken hans er streama over heile verda og han har vore lista på NRK P1, NRK P3, BBC Radio og tysk radio. Raftevold har også komponert musikk til fleire tv-seriar. Raftevold har også samarbeida med songaren Didrik Solli-Tangen i mange år. I 2023 hadde Raftevold premiere på sin musikal Usagt ved Opera Nordfjord. Musikalen skreiv han saman med Hege Lillestøl Naustdal. Det siste året har Raftevold også hatt stor suksess i vise-duoen Raftevold & Berg, og dei har spelt eit titals konsertar over heile landet.
Vil du ete i restauranten?

Kahoot Familiejulequiz
Velkomne til Kahoot Familiequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 15:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Delta aleine eller på lag saman med for eksempel familien (maks fire per lag/bord). Dagens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Når
Søndag 29. desember kl 15:15-16:15
Praktisk informasjon
Gratis deltaking for gjester ved Loen Skylift
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag saman med for eksempel familien.
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21. Bestill bord på førehand her.
Aleks Grey
Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Aleks Grey (Aleksander Raftevold) skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Vi anbefaler at du bestiller bord på førehand.
Om Aleks Grey
Aleksander Raftevold, også kjent som Aleks Grey, frå Nordfjordeid er låtskrivar, produsent og artist. Som soloartist, under navnet Aleks Grey, har han turnert i Noreg, England og Tyskland. Musikken hans er streama over heile verda og han har vore lista på NRK P1, NRK P3, BBC Radio og tysk radio. Raftevold har også komponert musikk til fleire tv-seriar. Raftevold har også samarbeida med songaren Didrik Solli-Tangen i mange år. I 2023 hadde Raftevold premiere på sin musikal Usagt ved Opera Nordfjord. Musikalen skreiv han saman med Hege Lillestøl Naustdal. Det siste året har Raftevold også hatt stor suksess i vise-duoen Raftevold & Berg, og dei har spelt eit titals konsertar over heile landet.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.
Aleks Grey
Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Aleks Grey (Aleksander Raftevold) skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Vi anbefaler at du bestiller bord på førehand.
Om Aleks Grey
Aleksander Raftevold, også kjent som Aleks Grey, frå Nordfjordeid er låtskrivar, produsent og artist. Som soloartist, under navnet Aleks Grey, har han turnert i Noreg, England og Tyskland. Musikken hans er streama over heile verda og han har vore lista på NRK P1, NRK P3, BBC Radio og tysk radio. Raftevold har også komponert musikk til fleire tv-seriar. Raftevold har også samarbeida med songaren Didrik Solli-Tangen i mange år. I 2023 hadde Raftevold premiere på sin musikal Usagt ved Opera Nordfjord. Musikalen skreiv han saman med Hege Lillestøl Naustdal. Det siste året har Raftevold også hatt stor suksess i vise-duoen Raftevold & Berg, og dei har spelt eit titals konsertar over heile landet.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.
Luftsporthelg
Velkomne til luftsporthelg Loen 1. - 3. november! Luftige svev, mykje moro, seminar og felles middag på Hotel Alexandra laurdag kveld.
Luftsportprisar på Hotel Alexandra
Påmelde til festmiddagen får gode rabattar på overnatting på Hotel Alexandra og dagspass til Loen Skylift. For meir informasjon og bestilling sjå program.
HalloHoven
Årets skumlaste helg blir ekstra skummel høgt til fjells, på kanten av eit stup. Fredag, laurdag og søndag blir det halloweenstemning i restauranten, og vi har fått nyss i at det dukkar opp skummel mat på menyen. Barna kan delta på ei skattejakt der ein leitar etter skumle figurar. Finn du alle får du premie i restauranten.
Bestill gjerne bord på førehand. Opningstider finn du her.
Kvifor feirar vi Halloween?
Visste du at tru knytt til natt til 1. november er ein av dei eldste heidenske tradisjonane vi har? Det er ein eldgamal hausttakkefest med røter i norrøn tradisjon og i keltisk folketru.
Mykje tyder på at dagens Halloween har historiske røter i Samhain, ein urgamal, keltisk festival. Kelterne var eit folk som budde i store deler av Europa, og den keltiske kulturen oppstod truleg i 2000 f.Kr. Samhain var feiringa av det keltiske nyåret og den siste innhaustinga. Ein tente bål og ofra avlingar og dyr for å hedre dei døde. Ordet Samhain vert uttalt Sow-in og betyr “summers end” og markerer slutten på sommaren og vinterens ankomst. Under feiringa hadde kelterne på seg kostymer av skinn og masker av dyrehovud for å beskytte seg mot onde ånder. Dette var nemleg ei heimsøkt natt der sløret til åndene si verd var på det aller tynnaste, og avdøde sjeler, ånder og andre vesen kunne bevege seg enklare mellom dei to verdene.
I førkristen norsk tid finn vi ein norrøn tradisjon kalla Vetrnaetr (Vinternatt) som minner om Halloween. Den var en festdag som markerte starten på vinteren og det nye året. I oldtidens Europa var Samhain tida for den siste “innhaustinga”, slakting. Det var viktig å slakte dyra og få hengt opp kjøtet eller tørka det før Samhain. Det kjøtet som ikkje var i hus vart ansett som ikkje mogleg å ete for menneska. Det tilhøyrde dei døde og ånder frå den andre sida av sløret som vandrar i vår verd rundt Samhain.
Samhain vart seinare gjort om til ein kristen skikk for å bekjempe den hedenske tradisjonen. Misjonærane oppfatta dei keltiske mytane og tradisjonane som okkultisme og knytta dei med mørke krefter og hekseri. Allehelgensdagen vart innført som heilagdag 1. november i år 610 av Romerkyrkja, og i motsetning til Samhain-feiringa handlar den ikkje om spøkelser og ånder som går igjen - det er ein minnefest for å hylle helgener og martyrar. I 998 vart Alle sjelers dag innført på 2. november, til minne om alle sjeler som døde i trua og framleis er i skjærselden. Etter reformasjonen i Norge vart dei to dagane slått saman slik at Allehelgensdag no er til minne om alle døde i protestantiske land.
Til tross for kyrkja sin motstand og forsøk på å redusere betydninga av Samhain, har mange av rituala overlevd fram til vår tid. Allehelgensdag er knytta til mange gamle folkelige skikkar og overtru både i Norge og Europa. Folk trudde at dei døde vandra blant dei levande natt til allehelgensdag og difor sette ein ut mat til dei. Det var også vanleg å dele ut mat, frukt og nøtter, ofte med håp om at det skulle gje gode avlingar neste sesong. Det er mogleg at noko av bakgrunnen for dagens «knask eller knep» ligg her.
Akkurat som med primstaven, ein gamal norsk kalender som følgde årstiden sine vekslingar, var det ikkje anbefalt å slå hardt med dørene på allehelgensdag, for då kunne ein sjel kome i klem. Ein burde også unngå arbeid på denne dagen, då ein kunne bli ramma av uhell.
Samhain har også fleire likheter med den den gamle, førkristne Julebukktradisjonen i Norge. I byrjinga hadde ein ikkje noko fast tidspunkt for dette, så det føregjekk gjerne når kvar landsby var ferdig med innhausting og dyra var henta frå beitet. Først i første halvdel av 1800-talet byrja festen å bli feira 1. november. Fordi det fall saman med allehelgensdag, vart det delvis ein fest for dei døde. Mange assosierar denne tradisjonen med noko koseleg, men julebukken var i utgangspunktet ein skremande skikkelse som symboliserte dei døde, gjerne ikledd bukkemaske og dyreskinn. Julebukken er godt kjent i Norge men har under moderne tid blitt til ein leik der barna kler seg ut og tiggar godteri i romjula, går fra dør til dør og syng julesongar.
Halloween har blitt påvirka av fleire ulike kulturar og religionar i verda, men felles er at det er ei høgtid der vi hedrar og hyller dei avdøde som ikkje er med oss lenger.
Kjelde: Kystmuseet Rørvik
Kahoot Fredagsquiz
Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Praktisk informasjon
Gratis deltaking
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord
Lagsamansetning kan variere frå gong til gong
Matservering til kl 21:00, bar til 23:00. Siste bane ned 23:30.
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.
Italiensk aftan
Velkomne til ein aftan på fjellet med italiensk mat og italiensk opera av ypperste klasse 1011 meter over fjorden i Hoven Restaurant laurdag 19. oktober. Her får du servert ein fire-retters meny med italiensk mat, krydra med to av dei beste operasongarane på Vestlandet.
Fire-retters meny, aperitiff og konsert: Kr. 1195,-. Dei som har billett får også kjøpt t/r billett med Loen Skylift til redusert pris.
Siste bane ned er kl 00:30 denne dagen.
Det er avgrensa antal plassar på dette arrangementet. Påmeldingsfrist 13. oktober.
Jorunn Torsheim er utdanna ved Goldsmiths College, University of London og Norges musikkhøgskole. Jorunn har ein allsidig bakgrunn musikalsk innan både teater og opera. I Nordfjord har ho vore med i The Sound of Music som Maria Von Trapp og Tryllefløyten, som også gjesta Den Norske Opera i Oslo. Ho har laga fleire eigne prosjekt som m.a. Susanna frå Sunnfjord som ho turnerte med både med Sogn og Fjordane teater og Den Kulturelle Skolesekken. Jorunn har også medvirket i mange konsert og danseproduksjoner i tillegg til flere opera- og teaterproduksjoner. Bl.a. Figaros bryllup, Which Witch, og Heksene. I 2021 og 2023 var ho med på Kilden si storsatsing «Amadeus» der ho gestalta rolla som Katharina Cavalieri/Nattens Dronning. Jorunn har gitt ut eit album på Italiensk også: «Amore e morte» med songar av Bellini, Puccini og Donizetti. Jorunn er opprinneleg frå Førde, men er busett i Oslo.
Eivind Kandal kjem frå Kandal i Nordfjord. Han avslutta si utdanning ved Operaakademiet i København våren 2017, men debuterte som operasongar allereie i 2012 i operaen Querini på Røst i Lofoten. Eivind har vore solist i ei lang rekkje operaframsyningar, kyrkjemusikalske verk og samtidsverk, både internasjonalt og heime i Noreg mellom anna ved Det Kongelige Teater i København, Den Norske Opera & Ballett, Operaen i Kristiansund og Opera Nordfjord. I tillegg har han vore med på å produsere og framføre ei rekkje framsyningar og konsertar som har turnert både Aust-, Vest- og Nord-Noreg. Eivind og sambuaren Torstein Kollevåg driv Sølvane Gard i Kandal, der dei arrangerar operakonsertar og ei mengde andre kulturelle arrangement.
Andreas Løken Taklo er ein ettertrakta musikar, både som solist, kammermusikar, akkompagnatør og repetitør. Han har hatt solistoppdrag med orkester i Italia og Noreg, og hatt solokonsertar i Frankrike, Tyskland og Russland. Andreas har ein master i utøvande musikk frå Barratt Due musikkinstitutt i Oslo, og ein master som operarepetitør ved Noregs musikkhøgskule. Han har jobba som repetitør for Opera Nordfjord sidan 2017. No for tida jobbar han som operarepetitør ved Den norske opera og ballett i Oslo, og blir jamleg leigd inn som akkompagnatør til Barratt Due musikkinstitutt og andre institusjonar.
Vil du kombinere med ei overnatting på Hotel Alexandra?
For dei som ynskjer å overnatte i Loen tilbyr Hotel Alexandra overnatting inkl. frukost og inngong i Alexandra Bad frå kr 2060,- per person. Tillegg for enkeltrom frå kr 400,-. Ta kontakt med Hotel Alexandra på alex@alexandra.no eller 57 87 50 00.
Praktisk informasjon
Kvelden startar med aperitif frå kl 19:00, også blir det bordsete kl 19:30. Siste bane ned er kl 00:30. Baren stenger ved midnatt.
Billett til middagen må kjøpast på førehand på denne sida. Dei som har billett til arrangementet får kjøpe banebillett i billettluka til 295,- t/r (ordinær pris 495,-). Dei som har årskort kan nytte dette.
Allergiar? Send dette på e-post til eva@alexandra.no
Haustferie
Ta haustferien i Loen, med vandring, via ferrata, kajakk, god mat og velvære. Loen Skylift og Hoven Restaurant held ope dagleg heile ferien.
Vardevandring heile haustferien
For borna blir det vardevandring på Hoven heile haustferien, der du går ei lita orienteringsløype. Har du alle postane får du premie. Vi anbefaler at vaksne blir med på turen.
Aktiv med heile familien
Haustferien er perfekt for ein fjelltur i dei vakre haustfargane, enten på eiga hand eller med guide. Kanskje du vil opparbeide litt adrenalin i klatrestien Via Ferrata Loen? Nokre av dagane er også ziplina opa for dei eventyrlystne. Vi har samla litt hausttips til deg på denne sida.
Bu godt på Hotel Alexandra
I veke 40 og 41 tilbyr Hotel Alexandra gode familiepakkar. Her kan du også kose deg i Alexandra Bad & Spa. NB! Buande på Hotel Alexandra får 10 % rabatt på familiebillett (2v+2b) eller tur/retur billett for inntil 2 vaksne med Loen Skylift i perioden 28. september-13. oktober 2024.
Elvis på Hoven
Opplev nokre av verdas beste Elvis Tribute artistar på Hoven 31. juli!
The Norwegian Elvis Festival i Måløy inviterer til Elvis-show på Hoven med 12 Ultimate Elvis Tribute artistar, frå USA, Australia, Canada, England, Tyskland, Irland og Norge. Saman vil desse skape eit forrykande show på takterrassen denne etermiddagen, så ikkje gå glipp av dette!
Konserten/showet er gratis for publikum.
Om The Ultimate Elvis Artist Tribute Contest
Ultimate Elvis Artist Tribute Contest er ein verdensomspennande konkurranse som vert arrangert av Elvis Presley Enterprises i Memphis, USA. Under årets konkurranse er 13 byar i verda tildelt kvalifiseringsrunde for denne konkurransen, og Måløy er ein av desse!
Dette er en konkurranse som samlar Elvis Tribute Artister fra heile verda, og til Måløy og The Norwegian Elvis Festival kjem det Elvis Tribute Artister frå åtte land for å konkurrere om retten til å representere Måløy under finalen i Memphis, USA den 12. august. Det er disse artistene som skal stå for showet høgt til fjells denne ettermiddagen.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen kl 12-22 denne dagen. Bestill bord her.
Linedance show
I 25 år har ein gjeng danseglade damer møttes ein fast dag i veka i felles glede over å danse. Dette skal feirast, og dei har difor invitert andre dansarar frå fjern og nær til ei helg fylt av dans. Feiringa vert avslutta søndag med danseoppvisning på takterrassen på Hoven. Dei gler seg til å vise fram kor kjekt det er med dans, og ikkje minst vise gjestane sine kva Stryn har å by på.
Om Stryn Linedance
Stryn linedance har i dag om lag 35 medlemmar i alle aldrar. Danseforma passar for alle; unge, gamle, spreke og ikkje fullt så spreke, kvinner og menn. I linedance vert det laga dansar med ulik vanskegrad. Det vert laga dansar i alle sjangre som cha-cha, jive, tango, vals, og charleston til både tradisjonell dansemusikk og moderne pop og rock.
Danseoppvisninga blir på takterrassen kl 16.
Bankvelv
Med kjærleik for norsk folkemusikk har Bankvelv fordjupa seg i slåttespel frå Vestlandet, overført frå tradisjonell trekkspel og hardingfele til meir utforskande saksofon og gitar. Resultatet er energisk og leiken improvisasjon med den tradisjonelle dansetakta som grunnlag.
Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang traff kvarandre på jazzlina ved Griegakademiet i Bergen og er saman duoen Bankvelv. Prosjektet har hausta to sigrar i open klasse på kappleik og blitt spelt som konsert på blant anna Festspillene og Nattjazz i Bergen. Her kan du lese meir om og høyre Bankvelv.
Vel møtt til ein konsert med stødig samspel og sitrande speleglede!
Konserten er planlagt utandørs på takterrassen, men ved dårleg vêr blir det inne i Hoven Restaurant.
Ingen inngongsbillett til konserten.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.
The Iowa State Singers
Iowa State Singers, eit blanda korensemble med 58 stemmer, skal på konsertreise i Norge, og 22. mai syng dei på takterrassen på Hoven. Dette utvalde ensemblet frå Iowa State University i USA framfører det ypperste korrepertoaret frå renessanse til samtid.
Årets program inkluderer nye verk av dei amerikanske komponistane Jake Runestad og Elaine Hagenberg. Andre komponistar på programmet er Bruckner, Sweelinck, Purcell, Grieg, Pietro Ferrario og Frank Martin. Arrangement av folkemusikk og spirituals avsluttar kvart program.
Iowa State Singers har dei siste åra blitt heidra med invitasjonar til å opptre på dei nasjonale musikkonferansane til American Choral Directors Association (ACDA) og National Collegiate Choral Organization (NCCO) i 2005, 2008, 2009, 2011, 2015 og 2019. Tusenvis av kordirigentar frå inn- og utland har vore begeistra for koret sine opptredenar. I 2013 vart songarane heidra som nasjonale vinnarar av The American Prize, College/University Chorus Division.
Utsøkt! Et av de beste korensemblene vi har hørt!
- Primarily A Cappella
Et kor i verdensklasse...
- Eric Whitacre
Konserten er open for alle gjester.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.
17. mai til fjells
Nasjonaldagen feirar vi med utsikt over det vakre landet vårt, hygge på terrassen og god mat
Johan Gielen presents: Airscape - sunset from Loen live set
Fredag 19. april kan du oppleve ei legende på toppen av Loen Skylift. Gudfaren av Trance, Johan Gielen tek turen til fjells for å halde ein forrykande livestreamkonsert, og du kan få vere publikum!
Johan Gielen er den einaste DJ’en som har spelt 15 gongar på rad på den prestisjetunge Trance Energy. Han spelar stadig på Tomorrowland, Ultra, Sensation White og alle store EDM festivalar. Han har hatt hits under pseydonyma «Svenson & Gielen», «Airscape» og «Baeleric Bil» m.m.
Oppvarming for Johan Gielen ved Kim Norvard!
Settet blir livestreama på YouTube og/eller Twitch.
Gratisbillettar til konserten kan du sikre deg her.
Denne billetten gir deg tur/retur Hoven med Loen Skylift for 300,- og overnatting på Loenfjord fredag til laurdag, med enkeltrom 1490,- eller dobbeltrom 2190,- inkl. frukost.
Minikonsert med Stryn Blandakor
Stryn Blandakor tek turen til Hoven Restaurant for ein minikonsert søndag 7. april kl 14:00.
Stryn Blandakor vart stifta i 1979, og har i dag ca 27 medlemar. Dirigent er Galya Radeva.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen kl 13-18 denne dagen. Bestill bord her.
Moro og magi med Erik Mogeno
Erik Mogeno sjarmerte heile landet i Norske Talenter på TV2 der han tok seg heilt til finalen. Han byr på buktaling, komikk og magi og vil underhalde alle aldrar.
Erik Mogeno held show i Hoven Restaurant kl 14:00 (40 min.)
Kahoot Familiepåskequiz
Velkomne til Kahoot Familiepåskequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 16:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Delta aleine eller på lag saman med for eksempel familien. Dagens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Når
Fredag 29. mars kl 16:15-17:15
Praktisk informasjon
Gratis deltaking for gjester ved Loen Skylift
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag saman med for eksempel familien. Opptil maks 4 personar per lag/bord
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.
Moro og magi med Erik Mogeno
Erik Mogeno sjarmerte heile landet i Norske Talenter på TV2 der han tok seg heilt til finalen. Han byr på buktaling, komikk og magi og vil underhalde alle aldrar.
Erik Mogeno held show i Hoven Restaurant kl 14:00 (40 min.) både Skjertorsdag og Påskeaftan.
Holko & Hauge
Likar du kombinasjonen godt humør, allsong og dans er Hoven staden denne kvelden. Holko & Hauge har eit allsidig repertoar, som passar vaksne i alle aldrar. Her kjem alt frå rolege sjekkelåtar, heftige rytmer, eller små historier med glimt i auget. Desse to glade og muntre herrane frå Stryn skapar garantert ein triveleg kveld med latter og høg stemning. Fri entre i Hoven Restaurant!
Holko og Hauge spelar kl 20:30-00:30. Siste bane ned kl 01:00.
Bestill bord på førehand og bli med i trekninga om eit påskeegg!
Dei som bestiller bord på førehand (innan tysdag 26. mars kl 18) blir med i trekninga om eit påskeegg med verdi på minimum 1300,-. Vinnaren blir trekt av Holko & Hauge under arrangementet, så han/ho må vere tilstades i restauranten. Bordbestilling gjeld både dersom du ynskjer å bestille mat, eller kun drikke. Her finn du a la carte menyen (fram til kl 21:00). Bestill bord på førehand her.
Kahoot Fredagsquiz
Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Praktisk informasjon
Gratis deltaking
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord
Lagsamansetning kan variere frå gong til gong
Matservering til kl 21:00, bar til 23:00. Siste bane ned 23:30.
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.
Påskerebus
Heile påska blir det påskerebus for alle barn på Hoven! Finn ulike postar med ein bokstav på og samle alle bokstavane til eit løysingsord. Alle barn som deltek får ein premie utdelt i Hoven Restaurant.
Deltakarskjema får de i Fjordshop og Hoven Restaurant.
Trugetur for heile familien
Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven 20., 22., 27. og 29. februar. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.
Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 12:00.
Guidinga er gratis.
Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.

Fullmånetur
Denne laurdagen inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida fullmånetur på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Inga påmelding.
Oppmøte seinast kl 17:45 på toppen av Loen Skylift ved kjelkeutleigen (2. etg. i fjellstasjonen). Vi anbefaler at du tek bana opp seinast kl 17.30 (avgong kvar heile og halve time), så går vi frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 17:45. Turen vil ta ca 1,5 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.
Det blir lagt opp ei rute som kan gåast til fots, utan verken ski eller truger. Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt. Dei som ynskjer å leige vinterbekledning (vinterdress og sko) kan gjere dette i Fjellbutikken (i god tid før turen startar).
Etter turen kan vi gå inn i Hoven Restaurant. Her kan du kjøpe noko varmt å drikke eller noko godt å ete. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Du kan også sjølvsagt ete før turen. Vi anbefaler å bestille bord på førehand. Baren er open til kl 22:00.
Siste bane går ned kl 22:30 denne kvelden.
Felles aketur til Oppheim
Laurdag 17. og 24. februar inviterer vi til felles aketur frå toppen av Hoven ned til Oppheim! Tenk å setje deg på kjelken, og framfor deg ligg kilometer med kilometer med nypreparert akebakke - «Norges lengste akebakke». Med forbehold om nok snø.
Frå toppen av Hoven på 1011 meter over havet er det ein sju kilometer lang akebakke. Heile turen vi ta ca. 1- 1,5 time og vi tar oss god tid med nokre stopp undervegs. Akebakken endar på parkeringsplassen på Holme/Oppheim. Derifrå blir det sett opp transport med bil/ minibuss tilbake til fjordstasjonen til Loen Skylift. Arrangementet er gratis for gjester ved Loen Skylift.
Oppmøte på toppen av Hoven i området ved hesteskoen ca. kl. 14:15. Alle barn må være i følge med ein vaksen. Hjelm er påbode. Ta med eigen kjelke, eller leig med Loen Active (hjelm inkludert).
Møt opp i god tid dersom du skal leige kjelke eller vinterbekledning. Utleige i 2. etasje på fjellstasjonen på Hoven. Prisen inkluderer også hjelm. Loen Active har 80 kjelkar til utleige. Les meir her.
Loen Active fjellbutikk leiger også ut vinterdressar og vintersko.
Kahoot Fredagsquiz
Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Praktisk informasjon
Gratis deltaking
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord
Lagsamansetning kan variere frå gong til gong
Matservering til kl 21:00, bar til 23:00. Siste bane ned 23:30.
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.
Trugetur for heile familien
Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven 20., 22., 27. og 29. februar. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.
Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 12:00.
Guidinga er gratis.
Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.
Fjols til fjells for heile familien
«Teambuilding» for heile familien!
Bli med på “Fjols til fjells” for heile familien. Ein uhøgtideleg «teambuilding» konkurranse eller leik for heile familien. Dette er eit tilbod som ikkje krev spesielle føresetnader.
Vi gjennomfører fire morosame aktivitetar fordelt på fire stasjonar. Ein instruktør frå Loen Active er på kvar stasjon og hjelper med gjennomføringa av aktiviteten. Er det oppholdsvêr, vil nokre av aktivitetane bli gjennomført utandørs. Kle deg difor for å vere ute i høgfjellet.
Alle får diplom for fullført «Fjols til fjells».
Påmelding og bestilling av tid i resepsjonen på Hotel Alexandra, tlf. 57 87 50 00. Frammøte til avtalt tid i 2. etasje i fjellstasjonen på Hoven.
Aktiviteten er gratis for alle gjestar ved Loen Skylift.
Trugetur for heile familien
Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven 20., 22., 27. og 29. februar. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.
Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 12:00.
Guidinga er gratis.
Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.
Kahoot Familiequiz
Velkomne til Kahoot Familiequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 16:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med for eksempel familien (maks fire per lag/bord). Dagens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Når
Søndag 18. februar kl 16:15-17:15
Praktisk informasjon
Gratis deltaking for gjester ved Loen Skylift
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag saman med for eksempel familien. Opptil maks 4 personar per lag/bord
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.
Felles aketur til Oppheim
Laurdag 17. og 24. februar inviterer vi til felles aketur frå toppen av Hoven ned til Oppheim! Tenk å setje deg på kjelken, og framfor deg ligg kilometer med kilometer med nypreparert akebakke - «Norges lengste akebakke». Med forbehold om nok snø.
Frå toppen av Hoven på 1011 meter over havet er det ein sju kilometer lang akebakke. Heile turen vi ta ca. 1- 1,5 time og vi tar oss god tid med nokre stopp undervegs. Akebakken endar på parkeringsplassen på Holme/Oppheim. Derifrå blir det sett opp transport med bil/ minibuss tilbake til fjordstasjonen til Loen Skylift. Arrangementet er gratis for gjester ved Loen Skylift.
Oppmøte på toppen av Hoven i området ved hesteskoen ca. kl. 14:15. Alle barn må være i følge med ein vaksen. Hjelm er påbode. Ta med eigen kjelke, eller leig med Loen Active (hjelm inkludert).
Møt opp i god tid dersom du skal leige kjelke eller vinterbekledning. Utleige i 2. etasje på fjellstasjonen på Hoven. Prisen inkluderer også hjelm. Loen Active har 80 kjelkar til utleige. Les meir her.
Loen Active fjellbutikk leiger også ut vinterdressar og vintersko.
Snøsafari
Kvar dag i vinterferien kan du finne ulike postar langs ei rute på Hoven, der du kan stemple på kvar post. Etter fullført snøsafari kan barna kome til Hoven Restaurant og få ein kopp varm sjokolade. Deltakarskjema får du i Fjordshop, Hoven Restaurant eller Skyshop.
Kahoot Fredagsquiz
Bli med på Kahoot Fredagsquiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 20:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Om du ikkje har prøvd Kahoot før er det veldig enkelt å lære. Delta aleine eller på lag saman med gode vener (maks fire per lag/bord). Kveldens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.
Praktisk informasjon
Gratis deltaking
Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)
Delta aleine eller i lag opptil maks 4 personar per lag/bord
Lagsamansetning kan variere frå gong til gong
Matservering til kl 21:00, bar til 23:00. Siste bane ned 23:30.
Om Kahoot Quiz
Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.
Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av kveldens quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.
Vil du ete i restauranten før Quiz’en?
Hoven Restaurant serverer frå menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her.