Hoven Restaurant
Mat heilt på kanten
Hoven Restaurant & Bar - mat heilt på kanten
Med panoramautsikt heilt på kanten av stupet 1011 m.o.h. finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer frå ein variert À la carte meny beståande av lunsj- og middagsrettar, samt saftige burgerar og italienskinspirerte pizzaer. Menyen varierer etter sesong. Nyt ein lunsj etter fjellturen, ein treretters middag eller berre noko forfriskande i glaset i sofagruppa ved baren, eller på terrassen på ein varm dag.
For å kome til Hoven Restaurant må du ta Loen Skylift, gå ein av stiane opp hit eller klatre Via Ferrata Loen.
Det er sitjeplass til ca 370 gjestar fordelt på to avdelingar. Restauranten er forma som eit amfi, slik at alle har god utsikt over fjordlandskapet. Gjennom året skjer det ulike arrangement i Hoven Restaurant. Hugs å bestille bord på førehand dersom du planlegg å ete i restauranten. Bestilling av mat må gjerast seinast 15 minutt før kjøkenet stenger.
Er de mange? Vi tilbyr eigne menyar for grupper, og lagar gjerne til ein festmiddag om noko skal feirast. Kanskje skal du gifte deg? Vi opnar både bane og restaurant for grupper utanom ordinære opningstider etter avtale. Større grupper (over 12) som ynskjer å bestille bord kan bruke dette skjemaet.
Ofte stilte spørsmål har vi besvart her.
Hoven Bar
Hoven Bar er lokalisert midt i restaurantlokalet, og har alle rettigheter, og serverer Nespresso (Cappuccino, espresso osv) og vår berømte kakao. Baren held ope fram til 30 minutt før siste bane ned.
Skyshop & café
Skyshop serverer kanelbollar og is. I tillegg finn du varm sjokolade, kaffe, te, cappuccino, espresso og mineralvatn her. Her får du også kjøpt suvenirer og diverse til fjellturen.
Arrangement, samlingar, feiringar, firmaturar o.l.
Skal du feire noko og leitar etter ei spesiell ramme rundt markeringa? For grupper på minimum 10 personar tilbyr vi gode pakketilbod med Loen Skylift, servering og eventuelt aktivitetar. På førespurnad opnar vi utanom ordinær opningstid. Ta kontakt, så hjelper vi deg. Finn ut meir her.
BESTILL BORD
Spørsmål, eller skal du bestille for over 12 personar? Bruk dette skjemaet for bordbestilling.
Ta kontakt med salsavdelinga på post@loenskylift.no eller ring 57875900