Tør du å teste STIGULL?
Nytt og spanande element i Via Ferrata Loen
Loen Active har gleda av å kunngjere eit nytt og spanande tilskot til den populære klatreruta Via Ferrata Loen. STIGULL, ein imponerande stige som måler 40 meter i lengde, har 120 trinn og ei helning på 45 grader, er no offisielt ein del av rute 1. Stigen startar på cirka 790 meter over havet og tilbyr ei utfordrande og adrenalinfylt oppleving for alle klatreentusiastar.
STIGULL er bygd av HZI frå Østerrike, det same anerkjende firmaet som stod bak konstruksjonen av Gjølmunnebrua og Gjølmunnestrengen. - Denne nye installasjonen understreker det kontinuerlige engasjementet vårt for å tilby unike og spanande opplevingar i spektakulære omgjevnader, seier Erik Brendefur i Loen Active. - Vi inviterer alle eventyrlystne til å teste ut STIGULL og oppleve det nyaste høgdepunktet i Via Ferrata Loen!