Guida topptur
Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Hugs at all ferdsel er på eige ansvar, og pass på at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i fjellet, eller ta med ein kyndig guide. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og les deg opp på sikkerhetstips for norske fjell.
Guida topptur med Breogfjell IFMGA tindevegledere
Loen Active tilbyr guida toppturar frå Loen Skylift i samarbeid med Breogfjell og andre guidefirma, og under presenterer vi alternativ av ulik vanskegrad og lengde.
Kort tur
Frå toppstasjonen går du 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan ein velge ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 meter avhengig av snø- og værforhold, og ferdighetsnivå.
Medium til lang tur
Frå toppstasjonen må ein først gå 400 høgdemeter til Staurinibba. Denne toppen byr på 600 høgdemeter nedkøyring med fjordutsikt til Lohøgsætra. Frå denne stølen kan ein enten gå opp igjen til Hoven, og halde fram nedkøyringa til Loen, eller gå for ei ny bestigning av Sundshyrna, Dispahyrna eller Geitafjellshyrna. Desse toppane byr på opptil 1600 høgdemeter nedkøyring til Strynedalen (motsatt side av Loen), og på slutten av dagen vil du ha stått over 2000 meter ned på ski og kun gått opp 1400.
Lang til meget lang tur
Det første alternativet startar ved å bruke heisane til Stryn Vinterski opp til 1000 m.o.h. Herifrå går vi vidare opp til Natakupa (400 høgdemeter) før vi køyre ned opptil 1300 høgdemeter til dalen. Etter lunch på ein av dei koselege kafeane i Stryn sentrum tek vi taxi til Loen Skylift og velger oss eit av alternativa som er beskrevet over. Dersom snøforholda ligg til rette kan vi få opp til 3300 meter nedkøyring denne dagen.
Det andre alternativet byr på den spektakulære Hoven – Storskredfjellet traversen. Har du køyrt ned frå Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn den toppen er Storskredfjellet og Breogfjell kan ta deg med på ski ned den breen. Turen byr på fleire valg. Det kortaste krever 1400 høgdemeter oppstigning og gjev 2100 meter nedkøyring. Det er også muligheter for å legge inn fleire kortare nedkøyringar og oppstigningar i fleire av dalane og rennene ein passerer på traversen mot Storskredfjellet.
Prisar på førespurnad. Kontakt Loen Active for tilbod.
Ynskjer du å gå på eiga hand?
Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Hugs at all ferdsel er på eige ansvar, og pass på at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i fjellet, eller ta med ein kyndig guide. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og les deg opp på sikkerhetstips for norske fjell.
Kart over området kan kjøpast her.
BOOKING
Loen Active | post@loenactive.no | 57 87 58 00
Kart over området. MERK: Dette er eit kart over vandrestiar om sommaren.