Iowa State Singers, eit blanda korensemble med 58 stemmer, skal på konsertreise i Norge, og 22. mai syng dei på takterrassen på Hoven. Dette utvalde ensemblet frå Iowa State University i USA framfører det ypperste korrepertoaret frå renessanse til samtid.
Årets program inkluderer nye verk av dei amerikanske komponistane Jake Runestad og Elaine Hagenberg. Andre komponistar på programmet er Bruckner, Sweelinck, Purcell, Grieg, Pietro Ferrario og Frank Martin. Arrangement av folkemusikk og spirituals avsluttar kvart program.
Iowa State Singers har dei siste åra blitt heidra med invitasjonar til å opptre på dei nasjonale musikkonferansane til American Choral Directors Association (ACDA) og National Collegiate Choral Organization (NCCO) i 2005, 2008, 2009, 2011, 2015 og 2019. Tusenvis av kordirigentar frå inn- og utland har vore begeistra for koret sine opptredenar. I 2013 vart songarane heidra som nasjonale vinnarar av The American Prize, College/University Chorus Division.
Utsøkt! Et av de beste korensemblene vi har hørt!
- Primarily A Cappella
Et kor i verdensklasse...
- Eric Whitacre
Konserten er open for alle gjester.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.