Tilbake til alle arrangementer

Trugetur for heile familien

Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven 20. og 27. februar. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.

Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 13:15.

Guidinga er gratis.

Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.

Finn ut meir om vinterferien i Loen

Forrige
Forrige
19. februar

Moro og magi med Erik Mogeno

Neste
Neste
22. februar

Felles aketur til Oppheim