Loen Shuttle
Shuttlebuss med fire* daglege avgongar Loen - Olden - Lodalen - Oppheim
- den beste måten å oppleve Loen og Lodalen på
Periode: 28. juni - 11. august 2024
Hopp på eller hopp av - alt etter kva plan du har for dagen. Kombiner turen med ein fjelltur, bading eller ein båttur på vakre Lovatnet. Bussen har fire/tre* daglege ruter frå 28. juni til 11. august, og er eit tiltak frå reiselivet i Loen for å redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.
Tider med forbehold om endringar.
Prisar 2024
Vaksne: Dagspass 290,- Todagerspass 400,- Tredagerspass 450,-. Sesongkort: 600,-
Rute 1: Ein veg: 140,-. Rute 1 tur/retur: 240,-
Rute 2: Loen-Oppheim ein veg: 90,-, tur/retur: 130,-.
Loen-Olden ein veg 150,-, tur/retur 290,-.
Born (6-15 år): Halv pris. Born under 5 år kan følge bussen gratis.
Merk at billettane er personlege. Misbruk fører til inndragelse av billetten. Med forbehold om endringar i prisen.
Praktisk informasjon
Inga førehandstinging og ingen plassgaranti
Bussen har 22 seter
Med dagspass kan du gå på og av bussen så mykje du vil i løpet av ein dag. Merk at dagspasset er personleg.
Betaling: Kontantar eller kort ombord på bussen
* Fire avgongar til Lodalen, seks avgongar til Olden, tre avgongar til Oppheim. Første og siste rute for dagen køyrer ikkje til Kjenndalsbreen parkering. Ankomst og avgong frå Kjenndalstova.
Kontakt
post@loenactive.no Tel. +47 906 39 001
HØGDEPUNKT
Lodalen og det smaragdgrøne Lovatnet
Rakssetra (Oppheim)
Rakssetra ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida.
Bødalen og Bødalsetra
Ei vakker seter i vill natur - i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein enkel og barnevenleg tur.
Kajakk og SUP på fjorden
Den smale, dramatiske og stille dalen med det grøne vatnet er eit syn av dei sjeldne.
Norges lettaste topptur med Loen Skylift
Spektakulære Loen Skylift løftar deg tusen meter nesten rett opp – til restauranten på kanten av fjellet Hoven. Tilrettelagte vandrestiar av ulik vanskegrad. Prøv zipline over jølet.
Skåla - Norges lengste motbakke
Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten.
Via Ferrata Loen
Via Ferrata Loen er ein spektakulær klatresti som er sikra med wire heile vegen, og tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh. Du klatrar heile vegen med ei storslagen utsikt mot fjorden, Lodalen, Oldedalen, majestetiske Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.
Bading i Lovatnet
Bad i det friske, smaragdgrøne Lovatnet.
Båttur på vakre Lovatnet
Nasjonalromantiske Breng
Like ved Lovatnet ligg Breng seter. I gammal tid var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalla. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.
Kjenndalstova kafe og restaurant
En restaurant omringa av overveldende natur med ei tilhørende dramatisk historie. Her kan du nyte tradisjonsrik mat, og nyte ein kaffipause.
Loen Play
Eit nytt lite leikeunivers for dei minste - midt i Loen
Opplev Loen frå kajakk på Nordfjorden. Loen Active tilbyr guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turen kan også kombinerast med ein vandretur.