Topptur

Med Loen Skylift kjem du 1011 høgdemeter opp, og kan då starte skituren med friske og opplagde bein. Eit fantastisk fjellandskap opnar seg opp frå Hoven, og du har mange moglege toppar å velge i, og enda fleire nedkøyringar. Vi anbefaler guide på turen. Breogfjell har internasjonalt sertifiserte tindevegledarar og tilbyr guida turar frå Loen Skylift. Dersom du planlegg tur på eiga hand er det avgjerande at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i vinterfjellet. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og bruk skredutstyr. Her finn du generell info om sikkerhet i norske fjell

Guida topptur med Breogfjell IFMGA tindevegledere

Breogfjell og andre guidefirma tilbyr guida toppturar frå Loen Skylift, og under presenterer vi alternativ av ulik vanskegrad og lengde.

Kort tur
Frå toppstasjonen går du 150 høgdemeter til Skredfjellet. Herifrå kan ein velge ulike nedkøyringar frå mellom 300 til 1000 meter avhengig av snø- og værforhold, og ferdighetsnivå. 

Medium til lang tur
Frå toppstasjonen må ein først gå 400 høgdemeter til Staurinibba. Denne toppen byr på 600 høgdemeter nedkøyring med fjordutsikt til Lohøgsætra. Frå denne stølen kan ein enten gå opp igjen til Hoven, og halde fram nedkøyringa til Loen, eller gå for ei ny bestigning av Sundshyrna, Dispahyrna eller Geitafjellshyrna. Desse toppane byr på opptil 1600 høgdemeter nedkøyring til Strynedalen (motsatt side av Loen), og på slutten av dagen vil du ha stått over 2000 meter ned på ski og kun gått opp 1400.

Meget lang tur
Hoven – Storskredfjellet traversen. Har du køyrt ned frå Strynefjellet har du garantert lagt merke til den slåande vakre fjelltoppen med den diamantforma breen som tronar over Oppstryn: Storskredfjellet (1814 m.o.h.). Breogfjell kan ta deg med på ski ned breen under fjellet. Turen byr på fleire valg. Det er også muligheter for å legge inn fleire kortare nedkøyringar og oppstigningar i fleire av dalane og rennene ein passerer på traversen mot Storskredfjellet. 

Prisar på førespurnad. Kontakt Breogfjell for tilbod.

Kart over området kan kjøpast her.

Bli med då FriFlyt sin Skipatrulje besøkte Loen Skylift saman med Tiril Sjåstad Christiansen og Karsten Gefle.