Zipline Loen
På toppen av Hoven 1011 meter over fjorden får du sommarfuglar i magen og vind i håret. Til saman er Ziplinene 220 meter lange (125 + 95 meter). Her flyr du over øverste del av jølet, med utsikt ned mot Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange bruker også Ziplinene som avslutning etter via ferrata turen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.
Sesong: Juni - oktober
Opningstider 2025
3.-21. juni: Tysdag kl 10-15 og laurdag kl 13-18
Kvar dag frå laurdag 21. juni til søndag 17. august: Ope kvar dag kl 13-18 og tysdag kl 10-18
19. august til 16. september: Tysdag kl 10-15 og laurdag kl 13-18
20. september til 1. oktober: Laurdag kl. 13-18
*Det kan bli endringar tysdagane. Sjå online bestilling for oppdatert informasjon.
Du kan enten bestille online eller kjøpe billett i Fjellbutikken i 2. etg på Loen Skylift Fjellstasjon. Grupper over 15 personar kan bestille utanom ordinære opningstider.
Prisar
Zipline: 650. Kan kjøpast i Fjellbutikken i 2. etg i fjellstasjonen til Loen Skylift eller online. Loen Skylift billett kjem i tillegg.
Pakkepris Via Ferrata Loen, zipline og retur med Loen Skylift: 2270
FAKTA
Min/maks.: Min 30 kg, og maks 120 kg pr deltakar.
Kapasitet: Ca 50 personar per time.
Normal fysisk form
Vanskegrad: Enkel (men luftig)
BESTILLING / KONTAKT
Bestill online eller kjøp billett i Fjellbutikken i 2. etg. fjellstasjon (Loen Skylift). Grupper på over 15 personar kan bestille utanom dei ordinære opningstidene.
Spørsmål? Kontakt Loen Active, tel +47 57 87 58 00, eller post@loenactive.no