Julebord

med treretters julemeny, t/r Loen Skylift og dans på Alexandra

Ta julebordet på høgfjellet, med lokale delikatesser og klassikarar. Denne førjulstida tilbyr vi julebordspakkar i samarbeid med Hotel Alexandra for firma og grupper på 10 personar eller meir kvar fredag og laurdag frå 22. november til og med 14. desember 2024. Julebordspakken inkluderer treretters julemeny i Hoven Restaurant, tur/retur med Loen Skylift og inngong i Alex Dancing der det er liveband og dansegolv. Og legg gjerne inn ein aktivitet eller to før maten, eller kanskje eit møte.

I menyen kan du velge mellom ulike rettar, som mellom anna pinnekjøtt frå Torheim gard i Oppstryn.

2024: Pakkepris per person: 1490,- som inkluderer

  • Tur/retur med Loen Skylift

  • Tretters julemeny i Hoven Restaurant

  • Dans med band i Alex Dancing

Desse spelar i Alex Dancing

  • 22. og 23. november: Backflash

  • 29. og 30. november: Cozy

  • 6. og 7. desember: Cozy

  • 13. og 14. desember: Cozy

Siste bane ned er kl 22:30, og siste innslepp i Alex Dancing for julebordsgjestar er kl 23:00.

Loen Skylift og Hoven Restaurant Ann-Helen Blakset low.jpg

Andriss Potass

JULEBORDSMENY

Val av kjøt eller fisk som hovudrett må gjerast ved bestilling (deltakarane kan velge individuelt). Gode vegetar-alternativ på førespurnad. Ved matallergi eller spesialdiett vil vårt kjøkken-team hjelpe deg

YTE OG NYTE

Vi er behjelpelege med å sy saman eit opplegg som også inkluderer utandørs aktivitetar saman med Loen Active. Ein uhøgtideleg konkurranse, eller ein felles aktivitet som styrker samhaldet. Eller kanskje begge deler? Bli med ut og finn ut om de er fjols til fjells, eller ekte råtassar.

KOMBINERE MED OVERNATTING PÅ HOTEL ALEXANDRA?

Flotte Hotel Alexandra ligg berre 500 meter frå Loen Skylift. I Loen går ingen «på byen», alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt julebordet vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har eiga bad- og spa avdeling.

Bestilling

Bruk skjemaet på knappen til høgre eller ring 57 87 59 00, eller ta kontakt på post@loenskylift.no.

Dersom de heller ynskjer julelunsj eller julemiddag i midtveke kan vi også tilby dette (for grupper over 15 personar).