JuleLUNSJ
med treretters julemeny og t/r Loen Skylift
I Hoven Restaurant diskar vi opp med treretters julelunsj for grupper på minimum 15 personar, frå kl. 12 i midtveke i perioden 18. november til 13. desember 2024. Pakken inkluderer også Loen Skylift tur/retur.
Treretters julelunsj og Loen Skylift: 1390,- per person.
Julebordspakken inkluderer treretters julemeny i Hoven Restaurant og tur/retur med Loen Skylift. Og legg gjerne inn ein aktivitet eller to før maten, eller kanskje eit møte.
I menyen kan du velge mellom ulike rettar, som mellom anna pinnekjøtt frå Torheim gard i Oppstryn.
JULELUNSJMENY
Val av kjøt eller fisk som hovudrett må gjerast ved bestilling (deltakarane kan velge individuelt). Gode vegetar-alternativ på førespurnad. Ved matallergi eller spesialdiett vil vårt kjøkken-team hjelpe deg.
Grupper kan på førespurnad bestille julelunsj i midtveke i perioden 18. november til 13. desember 2024
YTE OG NYTE
Vi er behjelpelege med å sy saman eit opplegg som også inkluderer utandørs aktivitetar saman med Loen Active. Ein uhøgtideleg konkurranse, eller ein felles aktivitet som styrker samhaldet. Eller kanskje begge deler? Bli med ut og finn ut om de er fjols til fjells, eller ekte råtassar.
KOMBINERE MED OVERNATTING PÅ HOTEL ALEXANDRA?
Flotte Hotel Alexandra ligg berre 500 meter frå Loen Skylift. I Loen går ingen «på byen», alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt julebordet vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har eiga bad- og spa avdeling.
Bestilling
For bestilling ring 57 87 59 00, eller ta kontakt på post@loenskylift.no.
Dersom de heller ynskjer julebord fredag eller laurdag kan vi også tilby dette (for grupper over 10 personar).
Topp-foto: Bård Basberg, Kenneth Svendsen, Bård Basberg